fredag 15. desember 2006

NY JUL

Ny jul!

Eg fann ein god historie som eg reiv ut. Den lyder slik:
For mange år sidan tidlig på 70-tallet var daverande Borgbiskop Per Lønning gjest i Nitimen på julaftanmorgon. Biskopen var invitert til ein samtale om jula og dens innhald, og bad om å få avspelt nokon strofer av den verste julesongen han visste. Så tona ”Nå er det jul igjen, ja nå er det jul igjen” friskt og freidig inn i de tusen heim. Inntil biskopen tok over og slo fast at jula langt frå er repetisjon og gjentagelse av det vi kan og kjenner frå før. Jul er budskapet om noko nytt og uhørt, ein begivenhet som endrar alt for den som lyttar og tek imot. I staden for det tradisjonelle God Jul og Gledelig jul bør me helsa kvarandre med Ny jul! mente Borgbiskopen.
Eg må le for ei ser det for meg den nemnte historia. I år sat nemleg Olav Arne Gabriel Sønsteby seg ned for å skriva årets julebrev med utgangspunkt i to bladutklipp. Ho mor tenkte å forandre litt på tradisjonen med si avhandling av året som gjekk. Ikkje alt er like lett og fortelje om, for det har vore så mykje som har hendt.
Slik eg, beretta om i mitt vesle julebrev i fjor, er eg framleis inne i riktig ”stim”. Eg har hatt gode stundar med far min i skogen. Han har blitt pensjonist og eg haaar skaffa meg lengre namn. I vinter var eg berre heime og nytta tida til skoghogst, avløyserarbeid hos naboen som var blitt sjuk, skriving og filosofering, trivelige besøk frå slekta. Bestefar har fått ein del trim, men ikkje så mykje som eg ynskte å gi ham av den friske lufta på Gåranplassen. Han måtte til Ringerike sjukehus to gangar i løpet av våren og han såg 17.mai toget frå vindauget i Hønefoss. Eg har trekt nokre fleire visdomstennar hos ein spesialist i Oslo.
Ingvild har endeleg fått omsorgslønn for all tida ho tek seg tå ”han far” men det kan til tider vera slitsamt og ho synest det kan vere godt å reise bort nokre gonger i løpet av året. Ho spanderte ein studietur til Sør-Tirol på oss to i april og la seg i hardtrening før pilegrimsvandring i Valdres. Eg vart noko ufrivilleg pressa til å gå dei fyrste tre dagane. Lydia gjekk alle åtte dagane etter sankthans. Ho gjekk også ein noko lengre pilegrimstur på fire veker til Santiago de Compostella, Spania i august.
Eg kjenner ingen byrde så tung at eg ikkje kan gå frå den. Bare man går, så går det nok (Kierkegaard). Dette er et godt sitat og min egen påstand er at det ordnar seg for ein pilegrim. Eg føler eg har klart meg godt som ein slags pilegrim heile dette året. Ein pilegrim tvilar på det eintydige. Lydia og eg har lagt frå oss byrder som har vore tunge å bære på. I oktober drog ho ut i verda på nytt, til Costa Rica og skal bu og jobbe der i fem månader. Det ordnar seg, seier eg; sjølv om ho har bryte kontakten med Khastro og har jobba altfor mykje i Kristiansand.
Minstesyster Solfrid har eg sett lite i år fordi ho ynskte å ha sommarjobb i Kristiansand, kor ho har studert heile dette året (sosialantropologi og tverrkulturell kommunikasjon på vårsemestret). Det er jo trist for eg likar å prate med ho. Solfrid har starta spesifikt på førskolelærar-studiet no, for ho vil jobbe med ungar.
Svanhild har også studert i same by som Solfrid. Ho går andre året på faglærar i praktiske og estetiske fag på HiA, med fordypning i kunst og musikk. Den siste månaden har ho vore sjukemeldt, difor har ho utsette eksemane ho skulle teke til jul. Ho har fått jobb i blomsterbutikk og engasjert i studentavisa Unikum, der ho er journalist og jobbar med layout (deskar kallast det vist).
No er jula ikkje langt unna og eg har sove 90 netter i sovepose og spart husleiga denne hausten. Eg driv å sluttstuderar friluftsliv med fordypning i Alta. Det har vore mykje interessant lærdom om å vera veileder. Har lært gode metodar slik at eg kan skrive ein god fordypningsoppgave til neste år om kva slag former for paragliding som kan vere friluftsliv. Det er skrive lite om denne relasjonen. Eg har også naturfag som fritt valfag, eit godt val. Det må skrivast at i år har eg ikkje hatt eksamen, første gong sidan 1997, og det er absolutt noko å anbefale. Eg anbefaler også naturen på Hardangervidda, i Alpane, Valdres og Huldreheimen, revyen i Larkollen, Altaelva, frå Sogn og fjordane til Sunnøre og til sist Ballangen i Nordland. Frå alle desse stadene har eg gode minner.
Sjølvbergingsturen eg var med på (i Ballangen i november), var noko utanom det vanlege og gav perspektiv for framtida. Det var mitt siste eventyr dette året og det gav meirsmak. Ein veileder skal legge forholda tilrette for andre. Naturen ligg i utgangspunkt også generelt tilrette for bruk. Den kan nyttast til overskuddsliv som friluftsliv og ein tur på hytta. Men det er enda betre å leve eit naturliv å sleppe og kome tilbake til ein sivilisasjon som er styrt av kald kapitalisme. Globalisme kallast styggedommen også, dens motstykke fant fire studentar på ein nedlagt gard i Nordland: Me levde eit rikt liv i ei hytte og fanga egen fisk, og fyrte opp med eigenhogd ved. Me jobba ikkje, med ”løfta” i lag. Vår innsats kvar dag var å skaffe ernæring. Byting av tenester blei også brukt og me fekk god kontakt med lokalsamfunnet. Me viste at me tok livet på alvor utan å volde naturen slik skade som me vanlegvis gjer.

Eg ynskjer alle god jul på tradisjonelt vis
Men eg vil nok heller rope ut ynskje om ei NY JUL!
Avslutninga er ein andakt (også utklipp):
Best det var, stod ein engel frå Herren framfor dei, og Herrens herlegdom lyste kringom dei. Då vart dei fælande redde. Men engelen sa til dei  «Ver ikkje redde! Eg kjem med bod til dykk om ei stor glede som skal timast alt folket. I dag er det fødd dykk ei frelsar i Davids by; han er Kristus, Herren»
(Lukas 2, 9-11)
Eit utrykk som me ofte høyrer er ”Ikkje stå der, gjer noko!” Men i den travle juletid skulle me kanskje snu på dette og seie   ”Ikkje berre gjer noko. S t å  d e r!” La oss ta oss tid til å oppdage juleunderet på nytt. Alt Jesus ynskjer av oss er at vi stopper opp, ser underet, undrar oss over mirakelet og tar imot kjærleiken

onsdag 6. desember 2006

Drikk melk i dusjen

Meningen med livet er å få lov til å gjøre vanskelige ting: hvorfor ikke drikke melken i dusjen. Mine to forsøk de siste dagene har (kanskje) medført nye artige drømmer om kveldene. Si du drømmer og du blir en drømmer. Jeg prøver som Doppler å drikke minst en liter om dagen.
Stress er som kjent ikke et resultat at man gjør for mye, men et resultat at man ikke har gjort det man skal: Sosalantropologer er til å le av for de finner på å skrive slike ting.
Jeg tror kanskje jeg klarer å tjene rundt 60.000kr dette året. Der går grensen for hvilket beløp som gjør meg lykkelig. Det er tanken på de jeg har hjulpet som gjør glad. Livskvaliteten stiger med inntekten til man når denne inntektsgrensen, blir det hevdet
Vi har alt men det er også alt vi har
for
nå om dagen er bad uten varmekabler et kaldt bad

Tenk om jeg hadde satt pris på kalddusjer også, for tilbake til dusjen. Jeg skrur alltid opp varmen i forhold der jeg starter når jeg står der noe kald i kropp og sjel (og vanligvis med enten kalde føtter eller hender).
Men jeg har jo gjort mye vanskelig dette året. hihi

Mine sitater er fra "Kosmopolitikk: en optimitisk politikk for det 21.århundre" huskelapp på side 147